Historikk

Lensmannsstova på Lillebø er bygd i tidsrommet 1885-1890. Dåverande eigarar, lensmann Knut Amundson Hole og jordatausa Oline Marta Lillebø fekk huset sett opp med god hjelp av Knut sin far, gamlelensmann Amund Hole.

Amund Knutson Hole var lensmann frå1852-1899. «Alle mine børn skal bo i to etasjers hus» sa han. Lensmann Amund Hole budde på Frøysa.

Knut Amundson Hole var lensmann frå 1896-1927, og dreiv garden på Lillebø godt med drenger og terner. På lensmannsgarden var det bra å jobbe ,der fekk dei godt stell.

Knut og Oline Martha fekk ni barn. Den eldste sonen tok over garden og gifta seg med nabojenta frå Jørnbruket på Tryggestad. Dei fekk fem barn. Knut den eldste sonen tok over i 1955 og gifte seg seinare med Sonja Haugen frå Hornindal. Dei fekk også fem barn og Hans er den eldste av dei.

Han tok over garden i 1990, og er gift med Synnøve Hjellbakk frå Hornindal. Dei har også fem barn

Lensmannsstova

Interiør

Lensmannsstova er ei toetasjes stovebygning i tømmer. I første etasje er der gang, forstove, dagligstove, bestestove, kjøkken og to bad. I andre etasje er der lennsmannskontor, salen, soveromma: Øvsteverelse, nesteverelse og kammerset.

Huset har stått tomt sidan 1979, då det vart bygd nytt våningshus på garden.

Vi har no restaurert huset i same stil som det vart bygd. Vår konsulent Kjell Arne Aarseth har skrapa tilbake til dei orginale fargane som romma hadde, og vi har mala med linoljemåling. Vi har også fått midlar frå Innovasjon Norge og Stranda kommune til prosjektet.

No ynskjer vi å få til næringsverksemd i det gamle huset.