Om oss

Vi, Synnøve og Hans med familie bor på Lillebø. Saman med våre fem barn har vi restaurert lensmannsstova. Besta på garden har også vore med.

Vi driv garden med 21 melkekyr og 60 vinterfora sau. I tillegg er Hans på regneskapskontoret frå oktober til mai og Synnøve er i kulturskulen på Stranda og Hellesylt og underviser i felespel. Ho er med i folkemusikkgruppa Honndalstausene og Hornindal Spelemannslag.